
Epleklem Raud Prins
100 % eplemost


Nes Gard · Grimo · Hardanger
Her veks økologisk frukt i bratte bakkar ved Sørfjorden. Landskapet set rammene for arbeidet, frå stell av trea til innhausting.
Garden
Garden ligg i Grimo, på austsida av Sørfjorden. Her har familien dyrka frukt gjennom generasjonar.
På eigedomen finst òg gravhaugar frå bronsealderen. Jorda har vore brukt lenge før frukttrea kom, og garden ber historia med seg.

Arbeidet
Bakkane ned mot fjorden er for bratte for maskinell hausting. Difor blir frukta plukka for hand og boren ut, kasse for kasse.
Frukta
Det blir ikkje brukt syntetiske plantevernmiddel, ugrasmiddel eller kunstgjødsel. Det betyr meir manuelt arbeid mellom trea og gjennom sesongen.
Aroma og Discovery er mellom sortane som veks på garden. Jan Ove prøver òg ut andre sortar for å sjå kva som trivst best i bakkane på Nes.


Jan Ove Nes
Jan Ove lærte familieoppskrifta av bestefar Jakob på slutten av 1990-talet. Då han flytta heim, var målet å utvikle garden og få meir ut av den økologiske avlinga.
I dag dyrkar han frukta og foredlar råvarer frå eigen gard. Arbeidet tek utgangspunkt i det som veks her, og i kunnskapen som har gått vidare i familien.
Alkoholfritt
Epla blir pressa, pasteuriserte og tappa. Utvalet følgjer avlinga og kan variere gjennom året.

100 % eplemost

Fleire eplesortar frå garden

100 % økologisk eplemost
Frå kubane
Nes Gard har både lynghonning og sommarhonning. Kva som er tilgjengeleg, varierer med sesongen.
Spør kva som er inne
0,5 kg · 1 kg

0,5 kg · 1 kg
Besøk garden
Ring eller skriv før du kjem, så veit du at nokon er på garden.
Nes Gard